søndag 18. mai 2008

Årets første havball

Vel overstått søttendemai til alle mann. Etter ivrig feiring heile najonaldagen, vart helga avrunda med ei rolig treningsøkt i Pilestredet Park (oppmøte allereie 11:00, mind you). Aspirant Stig Erik hadde komt heile vegen frå Stavanger og olje og sild for å prøvespele. Det gjekk sjølvsagt dårlig for den ferske villmarkskrokketspeleren, sjølv om terrenget var rimelig greit å orientere seg i.

Her er årsaken til at den mest erfarne av oss stakk av med seieren: Vegghinderet

Det skal seiast, det var ikkje noko leikehinder vi utsette oss for. Porten vart planta fire cm frå stupkanten, ein halv meter med massiv stein rett ned til nivået under. Utfordringa var som følger - hoppeball som måtte treffe direkte gjennom porten. Her må ein strebe etter perfekt høgde, perfekt retning, ein stor porsjon flaks og goooood tid.

Returmatchen vart spelt rett etterpå, med anna portoppsett. Underteikna var då høg på seg sjølv, og må ta kritikk for ikkje å ha vore kynisk nok. Det enda i forferdelse. Først vart eg krokka inn i hagen til naboen. Og like etter vart eg krokka utfor ein meterhøg steinmur, som viste seg å vere for vanskelig å forsere uten brødfjøl.

Utallige forsøk på hoppeslag frå grus-, asfalt- og granittunderlag enda det heile med årets første havball. I verdens minste sølepytt.

Pytt, pytt. Eg kjem sterkare tilbake.

Ingen kommentarer: