torsdag 10. juli 2008

Villmarka møter bylivet

Martin har i fotografert augneblink krokka mot port to i halvanna time. Eitt ord, tre stavingar: Frustrasjon.

Denne junikvelden i Pilestredet møtte han sine overmenn på krokketbanen. Jørund har vore gjennom alle portar og er på veg til å fullføre løypa, medan Tommy har kava seg halvvegs gjennom og prøver å krokke underteikna på stikka og dermed få siste stikk.

Plausibel årsak til fiasko for Martin: feil fokus i førebuingane. For medan Tommy og Jørund brukte tida godt og besiktiga banen og sjekka rullemotstand i graset og ymse forseringsteknikkar, streva Martin med å få sitt dyrekjøpte utstyr ut av posen.


Fordelar med villmarkskrokket i byen er at det er lett tilgjengeleg og at ein har rask tilgang på leskande drikke etter kampslutt. Bakdelane er arkitektar som redigerer naturen og inspirerer løypesettarane til å lage for store utfordringar og ikkje minst: miljømedvitne småbarnsfedre som skal legge seg før ti.

Vi vart altså aldri ferdige med denne runden. Men vi kom godt ut av det likevel, med ny kunnskap om portforsering som vi kan dra fram ved seinare høve. Under er Jørund på veg ut i HAVET for å slå på land ei kule. Martin står tørrskodd, men bommar og må stå der nokre slag til, medan Tommy fortvilar over port to.


Og til slutt, for våre kultiverte lesarar: KØNST (Martin trutnar køllene)

Ingen kommentarer: