tirsdag 15. juli 2008

2nd annual Hvitsten Classic


Fredag krokkar det laust att i nabohagen til den suraste kjerringa i Hvitsten. Med hattar og brødfjøl skal denne løypa endeleg fullførast av eliten frå Villmarkskrokket-Noreg.

Martin stiller med konvensjonelt krokketutsyr. Amund har ytra ønkse om å få vere fus i hattevalg. Underteikna stiller sjølvsagt opp med irriterande mengder flaks. Tommy (favorittstempel) lurer i buskene med sine med taktikkeigenskapar. Og kanskje, kaaanskje kjem brødfjølkongen Jørgen.

Dette teiknar til å bli ei turnering for historiebøkene. Einaste savnet vil vere Marianne "Svalestup" Bugge, utan at vi skal gå nærare inn på dette.

Kva farge ønskjer folket seg? Eg tingar grønt!

Favorittstempelet ser forøvrig slik ut:

2 kommentarer:

Jørund sa...

Amund skjønar ikkje korleis kommentarfunksjonen fungerer, men har i sms til meg gjort det klart at han ønskjer raud kølle på hvitsten.
- Eg raud kølla, skriv han.

Ringnes Herre 2008 - official site sa...

jeg har fått to nye venner på facebook etter hvitsten classic.
krokett er det nye svart!